Hundtricket: The Movie

Film · 2002 · · 10. september 2021
3/5

Hundtricket: The Movie er ein svensk film frå 2002 som har eit uttrykk som speglar tida filmen kom ut i på ein tydeleg måte. Det er ikkje positivt meint, filmen ser datert ut.

Men han er tidvis morosam, og byr på halvannan time med kurant underhalding. Det er artig å sjå Alexander Skarsgård i det som framleis var tidleg nok i karriera hans. Dynamikken til gjengen som utgjer dei mest sentrale karakterane er festleg. Dei er også i ein periode av livet kor dei burde oppføre seg meir vaksent.

Det er litt vanskeleg å få tak på om filmen mislykkast på nokre punkt, eller med vilje skal vere litt uklar. Så det gir jo ein dimensjon til det heile.

Så er det litt ubehag. Det daterte preget som eg nemnte. Nokre dårlege klisjear. Fæle ting som karakterane gjer. Filmen er ikkje berre lysbetont og lett underholdning alltid.

Hundtricket: The Movie er ein film frå si tid som godt kan gå i gløymeboka, fordi han ikkje byr på nok.

Les også ei melding på www.hedmarkreviews.com (svensk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Hundtricket: The Movie 2002 plakat - Filmdagbok