Husbands and Wives

Film · 1992 · · 23. januar 2007
4/5

Det flotte med å sjå ein film av Woody Allen har blitt at dei alltid lev opp til forventingane mine om korleis filmen vil bli. Mannen er ein av dei som i svært mange av filmane sine gir eit tydeleg preg av at det er nettopp hans film, og naturlegvis spesielt i dei filmane han sjølv har ei rolle – som denne.

Det var med ei anbefaling etter å ha sett Manhattan Murder Mystery eg fann ut at dette skulle bli den neste i rekka. På lik linje med mordmysteriet som kom eit år seinare, er dette ein dramakomedie i New York-stil – sett til Manhattan. Elementa av kriminalitet er bytt ut med ekteskapsproblem, servert på ein dokumentarprega måte.

Med dokumentarpreg legg eg vekt på den bevisste klippinga Woody Allen har tillat. Det er nesten som å sjå på Dagsrevyen, der dei har teke vekk pausar og svada og sit igjen med det viktige, og ein del brå ansiktsrørsler og kjapp klippefrekvens. Eit meir viktig poeng er intervjustilen filmen køyrer, og i form av ei forteljarstemme får eit inntrykk av at det er ein ung og fersk person bak ideen om å lage ein dokumentar som omhandlar hovudsakleg to ekteskap.

Første ekteskapet med møter er The Roths, spelt av Woody Allen og Mia Farrow. Dei har vore gift i ti år og har det rimeleg bra. Så kjem Sally og Jack inn døra til leilegheita me er i, og annonserer overraskande at dei skal separerast. Dei er gode venner av The Roths og spelt av Judy Davis og Sydney Pollack, og har vore gift i rundt tjue år.

Dette er hendinga som utløyser ei fram og tilbake-historie om jakta etter romanse, usikkerheit, ny tiltrekking, og sjølvsagt diskusjonar på eit høgt intellektuelt nivå. Eg må også vedkjenne at eg blei litt sett ut i tyngste diskusjonane, og trekk ut i frå dette at Husbands and Wives er ein av dei smartare filmane til Woody Allen eg har sett siste tida. Utan å sei at dette trakk nemneverdig ned på filmen, så kan eg også vedkjenne at Manhattan Murder Mystery fall meir i mitt humoristiske spann eller noko i den dur, sjølv om begge er absolutt gode filmar og litt for ulike til å bli samanlikna direkte.

Så alt i alt, ein god film. Litt meir alvor enn eg er vant til frå denne korte filmskaparen, men eg likte forandringa og fekk ein god del nye idear ut av Woody Allen. Eg trur også filmen kan tåle eit gjensyn med tida, for her blir det sagt meir på 108 minuttar enn eg klarer å fordøye på ein dag.

Husbands and Wives 1992 plakat - Filmdagbok