Hush

Film · 1998 · · 16. oktober 2016
3/5

Ein av mine metodar for å finne filmar å sjå er å følge skodespelarar eller regissørar. Likar eg ein skodespelar, kan eg gjerne gi ein film som har fått låg rangering på IMDb eller dårleg kritikk ein sjanse.

Gwyneth Paltrow er ein av mange eg oppsøker i blant. Ho er dyktig og har spelt i ein del fornøyelege filmar. Hush hadde ikkje den beste rangeringa på IMDb, men eg trassa det her. Og også her enda filmen opp med å bli ei kurant filmoppleving.

Handlinga dreiar seg om eit ungt par, som blir manipulert av mora til mannen til å flytte tilbake til godet til familien då kvinna blir gravid. Gradvis blir det avdekka at mora har nokon rare idear.

Eg har kanskje røpt for mykje allereie, og Hush spelar nok på at ting gradvis skal bli avdekka. Men så er det på ei anna side ein passe føreseieleg film. Kanskje dette er grunnen til at fleire ikkje likar han.

Stjerna i filmen er Jessica Lange som spelar mora. Ei god rolle, og ein god presentasjon av ho, og nesten grunn åleine verdt å sjå filmen for.

Nokon irritasjonsmoment er det. Om eg skal la tvilen komme til gode er det fordi eg som publikum veit meir enn karakterane, og forventar at dei skal vere noko smartare. Akkurat her har ikkje Hush tålt tida så godt. På ei anna side går sånt i periodar, og gode filmklassikarar kan like gjerne vere på same måte.

Tolk meg ikkje feil, dette er ikkje eit forsvar av filmen, berre ein observasjon. Bortsett frå at han har nok gode sider til å bli kurant underhalding, har han ikkje nok til at eg vil kalle han ein klassikar.

IMDb-logo
Hush 1998 plakat - Filmdagbok