Hva vil folk si

Film · 2017 · · 4. april 2021
2/5

Den norske filmen Hva vil folk si handlar om ei ung paktistansk jente, som lev livet som ein kva som helst slags norsk tenåring. Men dette krasjar mot verdiane til foreldra hennar, eller redselen foreldra har for kva andre i det pakistanske miljøet vil sei om dei.

Ein episode jenta er borti utløyser ei stor endring i livet hennar, og vil prege ho på ein vond måte i lang tid.

Hva vil folk si er ein dyster film av det slaget eg ikkje er så veldig stor fan av, kor det mest blir vektlagt å fortelje om den fæle historia. Og kor den eventuelle seieren og håpet, til jenta i dette tilfelle, får svært liten plass. Det handlar nok om smak og behag. Eg har ingenting i mot å få servert seriøse historiar, men det kan gjerne tene til eit anna formål enn berre å opplyse. For eksempel gi litt meir håp, både for målgruppa som kjenner seg att i filmen eller for meg.

  • Hva vil folk si 2017 plakat - Filmdagbok
  • Hva vil folk si 2017 plakat - Filmdagbok