I Am Number Four

Film · 2011 · · 23. juli 2011
3/5

Eg stilte med blanke ark til I Am Number Four. I ettertid har eg lest ein stad at I Am Number Four blir samanlikna med Twilight. Ved nærare ettertanke kan eg godt forstå at enkelte gjer dette, men eg ser ikkje heilt poenget og synest dette var ein fin science fiction for ungdommar. I motsetning til Twilight.

John (Alex Pettyfer) er eit romvesen, men ser ut som ein vanleg kvit amerikansk ungdom. Henri (Timothy Olyphant) er frå same planet som John, krigar av yrke, og har som oppgåve å verna John. Som vanleg så skjer det ting som eg ikkje gidd å fortelje att, og John og Henri hamnar i ein ny by, der John overtalar Henri til å få lov og gå på high school.

Grunnen til flyttinga er at vonde romvesen frå ein annan planet igjen er på jakt etter John, som er nummer fire i ei rekke av romvesen med spesielle krefter.

Alt dette til side, John møter ei søt jente, får problem på high school, ditt og datt. I Am Number Four blir for meg som ein pilotepisode til ei eller anna tenåringssåpe. Med eit utskot i hovudrolla. Og det er nettopp dette som får meg til å fatte interesse for denne filmen. Han fungerer nok langt mindre som ein science fiction-film, enn som eit portrett av ein ungdom i nytt skulemiljø og romanse med jenta han aldri skulle ha hatt sjanse på.

I Am Number Four er mest ein film for ungdommen eller sånne som meg, mindre for ein science fiction-nerd. Så er det også D.J. Caruso som har regien, det kan du ha i tankane. Sjølv tykkjer eg at han behandlar deler av den same ungdomstematikken på ein noko betre måte i Disturbia.

I Am Number Four 2011 plakat - Filmdagbok