I Pity The Fool

Serie · 2006 · · 12. desember 2007
2/5

Mr. T er tilbake for å lære fleire tullingar grunnleggande regler i denne realityserien. Over seks episodar skal håplause tilfelle få lært om alt frå motivasjon til kommunikasjon, med Mr. T som ein Dr. Phil i felten. Afroamerikanarane med hanekam ramsar opp gullkorn på rekke og rad, både av gammalt og nytt, og er trass alderen i god form framfor kamera.

Utan Mr. T er I Pity The Fool uekte reality med lite truverdige problem, som enten trår over i det humoristiske eller det oppgitte. Heldigvis er ikkje serien den lengste og gir seg før det blir trøyttande.

I Pity The Fool er først og fremst ein serie for fans av Mr. T, men fungerer og som ein tankevekkar på enkelte område – godt skjult i middelmåtig gjennomførte situasjonar. Tida for parodiar av realityseriar er nok for lengst forbi. I Pity The Fool er verken utfordrande å sjå på eller spesielt mettande underhaldning og fekk følger av dårleg interesse, trass i Mr. T altså.

Det slutta etter første sesong, som kort kan bli oppsummert som heilt grei tidtrøyte, men lite minneverdig.

I Pity The Fool 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Sjanger

Land

Skriv

TV samlepost #15 (2007-01-29)