I, Robot

Ideen er ikkje akkurat ny. Del Spooner har ei kjensle av at robotane i verda ikkje går an å stole på, og han har utruleg nok rett.

På eiga hand, nesten, klarar han å redde folk frå ein robothær som kan minne om den anonyme hæren i Star Wars: Attack of the Clones. Dessutan er produktplasseringane i filmen så altfor framståande, og gjer delar av filmen til latter for min del.

Det å få fram at Del Spooner har ein Audi som bil og eit JVC-anlegg i heimen klarar regissør Alex Proyas utan problem.

I, Robot 2004 plakat - Filmdagbok