Ice Age: The Meltdown

Film · 2006 · · 25. mars 2006
2/5

Eg er skuffa, likevel om eg ikkje sat inne med nokon forventingar før filmen. Han var faktisk så kjedeleg innimellom at eg nesten sovna iallfall ti gonger. Og eg sovna skikkeleg minst to gonger.

Det einaste eg likte med filmen var det sprø ekornet som jakta på nøtta, og den gode animasjonskvaliteten. Men det skal meir til for å bli god film, dei tidene da dataanimasjon imponerte eine og åleine er over. Som eg nemnde i Hoodwinked, så var ikkje animasjonen der på topp, men filmen går utvilsamt denne ein høg gang.

Eg vil ikkje slakte Ice Age: The Meltdown. Det er ein film som tydeleg er meint for den yngre garde, med varm og sjarmerande humor. På det planet lykkast filmen. Meg på ei anna side, byrjar å bli lei av alle desse animasjonane med dyr i. Dei er så like.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Ice Age: The Meltdown 2006 plakat - Filmdagbok

Sjangrar