Idiocracy

Du veit ein film er god når du knapt har komme halvveges og allereie har lyst til å sjå filmen om att. Slik var det med denne filmen.

Mike Judge, mannen bak kultkomedien Office Space og Beavis and Butt-Head Do America er tilbake med ein ny sprø komedie.

Denne gongen er det med Luke Wilson i førarsetet. Som prøvekanin i eit nedfrysingsforsøk vaknar han opp etter 500 år i staden for eit år. Til ei tid der alle har blitt så dumme at vår hovudmann Joe Average American Bowers er blitt til den smartaste mannen i verda. Der vatn berre eksisterer i toalettet, og eit tv-program om å sparke kvarandre i ballane er det mest populære.

Ver klar over at dette er ein ganske så barnsleg film, men også farleg kritiserande. Eller kanskje ikkje direkte farleg, men produksjonsselskapet 20th Century Fox følte seg nok trua til å la vere å promotere filmen, og lanserte han på knappe 125 av vel 3000 amerikanske kinoar. Ei svært urettferdig handling av Fox.

Eg lo meg iallfall gjennom store deler av filmen. Naut dei stilige kulissene som kanskje ikkje verkar heilt ekte. Det er mange kjente ansikt her, men først og fremst er det Luke Wilson som endeleg får gjort ein film der den litt slappe stilen hans igjen er aktuell.

Idiocracy 2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

1. januar 2007 av

Regissør

Mike Judge (I)

Manusforfattarar

Mike Judge (I), Etan Cohen

Skodespelarar

Luke Wilson (I), Maya Rudolph, Dax Shepard, Terry Crews (I), Anthony 'Citric' Campos, David Herman (I), Sonny Castillo, Kevin McAfee, Robert Musgrave, Michael McCafferty (I)Vis alle 119 skodespelarar

Sjangrar

Eventyr, Komedie, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Idiocracy