Il buono, il brutto, il cattivo

Film · 1966 · · 16. mai 2014
4/5

Tredje og siste film i Dollars-trilogien til Sergio Leone, har Clint Eastwood, Eli Wallach og Lee Van Cleef som dei tre sentrale karakterane i filmen. Med ei speletid på tre timar er dette den hittil lengste filmen.

Det betyr at Il buono, il brutto, il cattivo, som på engelsk heiter The Good, the Bad and the Ugly, kan bruke god tid på å bygge opp dei intense duellane, spele på dei tause periodane og fylle ridescener med den kjente temasongen. Alle dei tinga som er kjenneteikna til filmen.

Historia er hakket meir kompleks igjen enn førre Dollars-film, som var Per qualche dollaro in più. Partnerskap og opphøyring av partnerskap er sentralt. Det er uklart kva som blir sagt som er til å tru på, og dette gjer det uklart kva som vil skje. Det er altså god spenning i gangen til filmen.

Det tar ei stund før det er klart kva som blir den sentrale historia. Sergio Leone brukar god tid på å la oss bli gradvis kjent med karakterane. Trådane blir meir samla og med dette skiftar fokuset til filmen. På dette vis, i dette og andre mindre skifter, så går tre timar unna.

Il buono, il brutto, il cattivo er på sett og vis filmen der Sergio Leone brukar flest verkemiddel mest og lengst. Dette og gode skodespelarprestasjonar gjer at eg likar filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Il buono, il brutto, il cattivo 1966 plakat - Filmdagbok

Sjanger