Il grande silenzio

Film · 1968 · · 27. mai 2014
3/5

Il grande silenzio er ein iskald western med Jean-Louis Trintignant og Klaus Kinski i hovudrollene. Jean-Louis Trintignant som den stumme Silenzio, ein pistolmann til leige som alltid provoserer motparten til å trekke først. Klaus Kinski som dusørjegeren Loco, som alltid leverer dei kriminelle for dusør døde, heller enn levande.

Handlinga til filmen skjer rundt ein liten by, Snow Hill, på kalde vinteren. Og møte mellom karakterane over, ein sheriff og andre kriminelle er fargerik og i sterk kontrast til den kvite snøen.

Filmen har ingen klare skilje mellom gode og vonde karakterar. Loco er ein typisk skurk som person, men held seg innanfor lova. Silenzio minnar meir om ein god person, og har ei bakgrunnshistorie som forklarer motivasjonen hans, men han tar same betaling for å drepe som for eksempel Loco. Gruppa med kriminelle som bur i fjellområde rundt Snow Hill framstår som snille, men det er berre fordi historia deira aldri blir fortalt.

Dette og meir er med på å gjere Il grande silenzio interessant. Filmen er også kjent for sin dystre slutt, og når eg kom meg dit blei eg nesten overvelda over utfallet.

Teknisk sett er ikkje dette det største. Kameraarbeidet er vinglete, men prøver og er nære. Lyden er som i ein typisk spaghettiwestern, dubba og variabel. Det betyr likevel lite. Snøen er i det minste ekte, så både det kalde og det slitsame preget er realistisk.

Totalt sett har filmen mykje godt for seg, men er ikkje helt topp. Trass i at eg ikkje gir han betre karakter vil eg anbefale han. Både på grunn av korleis filmen utviklar seg, men også fordi Klaus Kinski gjer ei minneverdig rolle som Loco.

Den engelske tittelen til filmen er The Great Silence.

Il grande silenzio 1968 plakat - Filmdagbok