Il mio nome è Nessuno

Film · 1973 · · 22. juni 2021
3/5

Sergio Leone har produsert og Tonino Valerii har regissert Il mio nome è Nessuno.

Filmen er meint å vere eit motsvar til useriøse spaghettiwesternfilmar, som har henta inspirasjon frå C'era una volta il West.

Med seg i sentrale rollar har dei Trinity-stjerna Terence Hill og Henry Fonda frå overnevnte C'era una volta il West.

Filmen er ei god blanding av seriøs western og komedie. Måten filmen skil seg ut frå tidlegare filmar på er ved å setje den seriøse og klassiske karakteren til Henry Fonda opp mot den yngre Terence Hill som er vanskeleg å plassere i ein meiningsfull posisjon.

Sett forbi tankane bak dei som laga filmen, så er denne filmen for meg som ein vanleg filmpublikummar ei rikhaldig oppleving. Han blandar mange grep, refererer til andre filmar eg har sett innanfor sjangeren. Han held stort sett den gode driven oppe heile vegen, og var ein artig sak å følge opp Trinity-filmane med.

IMDb-logo
Il mio nome è Nessuno 1973 plakat - Filmdagbok