Ill Met by Moonlight

Film · 1957 · · 12. oktober 2009
3/5

Britiske spesialsoldatar skal kidnappe ein tysk general. Deretter gjeld det å kome seg unna. Premissane er like i Ni liv og Kampen om tungtvannet. Ill Met by Moonlight lykkast i å vere ein hyllest til bragda, sjølv om han ikkje alltid er like spennande.

Som med fleire andre Michael Powell og Emeric Pressburger-filmar er det eit nyansert bilde av dei mest sentrale karakterane, og ein respekt for personen trass i nasjonalitet og side i krigen.

Eit nydeleg svart-kvittfoto må trekkast fram, som stadig slo tilbake og imponerte. Og den forvirrande tekstinga som ikkje var oversett, og som blanda språk tilfører eit likevel positivt skilje.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Ill Met by Moonlight 1957 plakat - Filmdagbok