I'm Not Ready for Christmas

Film · 2015 · · 4. desember 2016
4/5

I'm Not Ready for Christmas med Alicia Witt i hovudrolla er den første av fleire Hallmark-julefilmar med denne Twin Peaks-alumnen i, som eg kjem til å sjå i år.

Det kan seiast med ein gong, dette er den hittil beste Hallmark-filmen eg har sett. Utelukkande fordi han evnar så godt å spele på kjensler. Alicia Witt har utruleg mykje å spele på i form av uttrykk og stemme, noko som kjem godt til rette her. Og som eg forresten har lagt merke til før, blant anna i serien Justified. Som har vore utslagsgivande for at I'm Not Ready for Christmas blei valt.

Alicia Witt spelar ei einsleg og suksessrik kvinne, Holly, som har oppnådd mykje av suksessen ved å lyge. Hennar karrierejag har gått utover mykje av privatlivet hennar, blant anna forholdet til søstera og niesa.

Som i mange andre julefilmar frå Hallmark dukkar det ein julenisse opp her. Og magien til denne verkar i større grad direkte inn på filmen. Niesa til Holly ønsker frå han at tanta ikkje skal kunne lyge, og dette får sjølvsagt store konsekvensar for livet hennar.

Første og fremst er dette ein morosam film. Det er mange vittige situasjonar Holly hamnar i som følge av at sanninga tvingar seg fram. Timing er essensielt, og her trur eg evnene til Alicia Witt betyr mykje for at humoren fungerer.

På toppen av det heile er det også ei romantisk historie i dette her. Ikkje dei mest kompliserte greiene, forutan komplikasjonane eventuelle løgner og ikkje minst sanningar byr på.

I'm Not Ready for Christmas 2015 plakat - Filmdagbok