Import-eksport

Film · 2005 · · 30. april 2010
2/5

Import-eksport var eit vonbrot, og viss det er alt du treng vite om filmen, så er jo det heilt greitt. Viss du vil vite litt ekstra, så les eit par avsnitt til.

To scener gjorde meg begeistra når eg så filmen, som omhandlar eit problematisk forhold mellom ei pakistansk kvinne og ein norsk mann. Det er bestemt at kvinna skal gifte seg med ein fyr frå Pakistan, og den norske mannen set i gang med ein plan om å overtyda foreldra til kvinna at ho bør gifte seg med han, utan å vanære dei ved å avsløre forholdet.

Det eg skreiv tidlegare på Filmdagbok i innlegget om Line og norsk skodespel, at det ikkje alltid har så mykje å sei, gjeld ikkje her. Import-eksport har direkte platt skodespel, og tar stor skade av det. Faktisk er filmen rett ut flau å sjå på til tider, og det er i grunn dumt, for sjølv om handlinga ikkje er direkte original, kunne det i beste fall blitt ein fin og romantisk komedie.

IMDb-logo
Import-eksport 2005 plakat - Filmdagbok