In a World…

Lake Bell debuterer som filmskapar med In a World…, ein film om forteljarstemma i filmtrailerar og kjendislivet rundt. På eit vis både hyllar Lake Bell og skapar komedie ut av miljøet rundt alt som har med å legge stemmer på film å gjere i Hollywood-traktene.

Det fungerer som ein fin liten dramakomedie. Lake Bell har utstråling, og rolla hennar fungerer greit som ei blanding mellom gratispassasjer og talentfull. Men heller enn å skulle vere det eine eller det andre, er det meir eit gitt utgangspunkt. Det interessante med filmen er verda rundt stemmeskodespelarane. Passe rar, tilsynelatande kjent, og ikkje akkurat det daglegdagse senteret for handlinga i ein film.

In a World… rullar og går, og oppnår i blant å komme meg ei fin stund, nokon morosame innspel og artige observasjonar. Det tar ikkje heilt av, til det er det verken spesielt nok, særleg gripande eller morosam nok. Det er likevel godt over gjennomsnittet blant komediar.

In a World… 2013 plakat - Filmdagbok