In Good Company

Film · 2004 · · 16. januar 2005
3/5

Eg hadde trudd at dette skulle bli ein typisk romantisk, komedie og dramafilm. Men romantikken er tona sopass ned at dette blir ein perfekt miks. Det er ein av tinga eg likte skikkeleg med filmen. Heile greia med korleis filmen utviklar seg etter kvart er også bra. Pluss at rollefigurane er gode.

Topher Grace, kanskje mest kjent som Eric Foreman i That '70s Show, gjer ein stor prestasjon på lerretet, der han syner at han kan meir enn berre å spele rolla som Eric Foreman. Enkelte sider ved karakteren hans kan minne om Eric Foreman, men det er vel då kanskje det som er kjennemerket til Topher Grace, dette gjenstår å sjå. Han har spela i filmar før, men dette er første gang eg ser han i ei så stor rolle. Scarlett Johansson, naturleg og yndig, er heller ikkje til å klage på i denne filmen.

Til slutt er det Dennis Quaid, ein skodespelar som eg eigentleg aldri har lagt spesielt merke til. Eg har sett han i The Day After Tomorrow og Cold Creek Manor, men før no har eg ikkje kunne kjenne han igjen på namnet.

In Good Company 2004 plakat - Filmdagbok