In i Dimman

I dette som er mitt andre forsøk på å skrive om In i Dimman, vil eg berre kort ta for meg kva filmen handlar om og korleis opplevinga mi av han var.

På ei øy ein eller anna stad i Sverige, held tre vaksne folk til. Dei badar, festar, fiskar og festar. Tid har ingen betydning, dagane går over i kvarandre, men det ser meir ut til å vere haust enn sommar. Etter ei stund dukkar ein fjerde venn opp.

In i Dimman har noko tungt hengande over seg. Stemninga er ikkje festleg, trass i festinga. Det er noko trist i måten desse oppfører seg på. Ei fråkopling til resten av verda på eit vis.

Og slik går filmen sin gang. Det går ikkje så fort, men eg blir heller ikkje utolmodig. Det er noko undervegs som er verdt å følge med vidare på grunn av. Og for å hoppe over slutten og gå til no i ettertid, så var filmen i heilskap ei godt fortalt historie.

In i Dimman 2018 plakat - Filmdagbok