In Like Flint

Film · 1967 · · 23. februar 2013
3/5

Etter James Bond-filmane slo gjennom på 1960-talet valde United Artists å satse på sin eigen versjon av ein meisterleg spion.

Det kom to filmar med Derek Flint: Our Man Flint og In Like Flint. Med James Coburn i rolla som spionen.

I Derek Flint versus James Bond som karakterar går Derek Flint sigrande ut som den dyktigaste spionen. Han er best i absolutt alt, har minst fem OL-medaljar, 17 universitetsgrader og kan over 45 språk.

Derek Flint-filmane er altså ein god del komedie, men ligg også nærare actionfilmane med James Bond enn seinare James Bond-parodiar som Austin Powers.

In Like Flint har ei god og artig historie. Som både er typisk for sjangeren og passar godt inn i tidsrommet filmen kom ut i. Det handlar om verdsherredømme og kvinnekamp. Derek Flint som er fleire gonger meir James Bond enn James Bond har ei hypnotiserande kraft på alle kvinner han møter, og In Like Flint består av svært mange kvinner.

Det er altså mest moro. Og trass i overdriving er det ikkje så ulikt James Bond. I ettertid er det mangel påm eller iallfall inntrykket av at det er mangel på originalitet, samt mangel på spenning, som trekk ned når eg rangerer filmen.

Filmen kan likevel anbefalast til nettopp James Bond-interesserte.

IMDb-logo
Filmfront-logo
In Like Flint 1967 plakat - Filmdagbok