In the Blood

In the Blood er ein actionfilm av varierande kvalitet. Filmen har tidlegare mixed martial arts-utøvar Gina Carano i hovudrolla, ei dame som for alvor slo igjennom i filmbransjen med Haywire av Steven Soderbergh.

Filmen handlar om bryllaupsreisa til Ava (Carano) og Derek (Cam Gigandet) som går frå å vere ei draumereise til å bli eit mareritt for Ava når Derek blir borte. Og der startar den delvis blodige utfordringa til Ava om å finne han igjen.

Gina Carano er det opplagte trekkplasteret. Ho passar godt inn i filmen, og har både eit sjarmerande ytre og tøff fysikk som passar den brutale rolla ho tar på seg. På sett og vis er dette ein typisk action- og B-film, av typen me har sett menn av i hovudrolla i fleire tiår. In the Blood er akkurat det same, ei så som så historie, men som hentar seg inn på action. Utan å gjere eit nummer ut av at det er Gina Carano er dame og ho som er tøff.

Med andre ord er det verken ein original eller minneverdig film heller. Men det er kurant underhaldning, og det sjølv om Gina Carano ikkje er den beste skodespelaren, så er det rette dama for denne type film. Tøff, pen og med karisma.

In the Blood 2014 plakat - Filmdagbok