In the Heights

Film · 2021 · · 26. juni 2021
4/5

Ein nesten to og halv time lang filmmusikal frå regissøren back Crazy Rich Asians, Jon M. Chu. Og mannen bak Hamilton, Lin-Manuel Miranda. Det er dei tekniske opplysningane som møtte meg i forkant og ramma inn filmen In the Heights.

Eg visste lite, anna enn at den generelle responsen til filmen var god. Og då sjansen til å gjere det første kinobesøket sidan hausten 2020 baud seg, så var eg klar for ei forhåpentlegvis fargesprakande, glad og musikkrik oppleving.

Og det er det In the Heights leverer på. Den lange speletida går fort unna. Songane er med på å drive handlinga framover, samtidig som dei er fengande. Ein farleg god kombinasjon, og nødvendig når det er mange songar som her.

Handlinga er lagt til Washington Heights i New York, og handlar om draumane og livet til nokre få sentrale karakterar. Samtidig som det er sommar og tiden tel ned mot eit straumbrot.

Gode karakterar med interessant historiar er fint sydd saman med både alt som skjer i nabolaget, og mange andre menneske. Filmen klarar å gjere oss kjent med mange folk, skille mellom desse, og gjere det til ei god oppleving. Sidan mesteparten av handlinga er lagt til ei avgrensa tidsperiode på nokre få dagar, freistar det å kalle dette ein bit av livet-film. Og slike filmar der også lokasjonen er med på å samle det som skjer, kan fint gå sin gang utan å ha ein raud tråd. No har forsåvidt In the Height nokre raude trådar i form av kva det blir av folk, men filmen er også god på det trivielle er vel poenget mitt.

Det er sjølvsagt noko med igjen å sjå ein film på kino, åtte månader etter Tenet, som gjer dette bra. Eit godt møte med kino gjer at andre distraksjonar ikkje slepp til, og det blir enklare å fordjupe seg i det som skjer.

IMDb-logo
  • In the Heights 2021 plakat - Filmdagbok

    Sjangrar

    Land