In the Land of Women

Film · 2007 · · 20. juli 2007
4/5

Jon Kasdan er sonen til Lawrence Kasdan, regissøren bak Silverado og Wyatt Earp. I In the Land of Women, som er junior sin første film som filmskapar med manus og regi, har han fått jobbe med to praktfulle skodespelarar: Adam Brody i si første hovudrolle og Meg Ryan i ei sentral birolle.

Adam Brody spelar Carter, som vel å besøke bestemora for avveksling etter å ha blitt dumpa av kjendiskjærasten sin. Han glir fort inn i det nye miljøet ved at han blir kjent med naboen Sarah (Meg Ryan) og døtrene hennar.

Vennskapane, kompliserte som dei blir, fører til fleire lange og gode samtalar. Spesielt mellom Carter og Sarah, der kjemien nærast gnistrar på skjermen. Dialogen generelt gjer storparten av filmen, handlinga blir skyvd litt i bakgrunnen. Godt er dette, for det skjer ikkje all verda når du ser filmen i heilskap. Og i grunn er jo dette eit romantisk drama. Snev av komedie finst det i form av Adam Brody sin vante veremåte. Rolla Carter er som støypt for den unge herren, og han får verkeleg vise kva han er god for.

In the Land of Women har vore mykje etterlengta i lengre tid for min del. Den innfridde både i enkeltscener og som heil film, og med det er eg fornøgd. Filmen er både filosofisk og søt, men prøver ikkje å preike på sjåaren noko livsvisdom eller moral med samtalane sine. Slikt gjer han svært lett å like.

In the Land of Women 2007 plakat - Filmdagbok