In the Valley of Elah (2007)

Film / 27. juni 2008
5/5

Då eg skulle sjå In the Valley of Elah hadde eg ingen forventningar eller tankar om kva filmen kunne bli. Grunnen til at et kinobesøk blei med denne filmen var at ingen andre filmar freista. Men kva gjorde det når Paul Haggis skulle stige opp frå holet han grov seg ned i med Crash i 2004?

I det som er en av to sterke filmar med Tommy Lee Jones i 2007, den andre var No Country for Old Men, er det en forsvinningssak som involverer Hank Deerfields son som står i sentrum. Sonen er i militæret og har akkurat komme heim frå Irak da han brått blir borte, noko som resulterer i at Hank får ein telefon om at sonen mest sannsynleg har teke tjuvpermisjon. Når sonen ikkje let seg spore vel Hank å ta saka i eigne hender og spore han opp, som tidlegare yrkesmilitære sjølv har han et blikk som vitnar om at han er klar for å møte sanninga uansett kva den skulle vere.

Det som skjer vidare er vanskeleg å forklare i detalj utan å røpe filmen, og utan detaljfokus er det vanskeleg å forklare kvifor dette er en så knallsterk film som det er. In the Valley of Elah er gjennomført med stødig hand, etterforskinga som blir gjort er lagt opp slik at den er interessant heile vegen, Tommy Lee Jones er ytst perfekt i hovudrolla og har også med seg stødige motspelarar som verken trekk ned eller stel fokus. Dette smakar heller ikkje som anti-militær propaganda, da det med dei ulike karakterane er ulike sider av militære me møter. Trass motviljen Hank Deerfields møter i mange av brikkene som skal føre han vidare er han sjølv eks-militære og smittar forståinga sin over på publikum til ei viss grad, balansen er nøyaktig og det er også ein underliggande frustrasjon på plass som kjem fram i auga hans i blant.

Måten filmen seier så utruleg mykje på utan å ta for sterke standpunkt, rote det til eller køyre seg fast på et spesifikk punkt gjer at dette aldri blir nokon kjedeleg film på dei 2 timane den varer. Den er eigentleg et veldig godt eksempel på korleis fleire filmar skulle ha vore laga, for det er ingenting som tilseier at eo forsvinningssak er den mest originale plottet, men når det er gjennomført på denne måten er det lite å holde i mot den på.

In the Valley of Elah 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

Paul Haggis

Manus

Mark Boal, Paul Haggis

Skodespelarar

Tommy Lee Jones, Charlize Theron, Jason Patric, Susan Sarandon, James Franco, Barry Corbin, Josh Brolin, Frances Fisher (I), Wes Chatham, Jake McLaughlin

Sjangrar

Drama, Krim, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om In the Valley of Elah

Forfattar