In Treatment (2008–2011)

Serie / 17. mai 2011
4/5

I løpet av rundt åtte veker såg eg folk gå til behandling hjå psykolog Dr. Paul Weston (Gabriel Byrne) 43 gonger. Og åtte gonger såg eg Weston i samtale med sin eigen psykolog. Dette var første sesong av HBO-serien In Treatment.

Grunnane til at folk gjekk til Weston var mange. Sjølvmordstankar, samlivsproblem, ustabil psyke og meir.

In Treatment er altså serien om Paul Weston og pasientane hans. Gabriel Byrne er ein høgst kapabel skodespelar til å sitje i stolen sin og nikke til psykobabbel. Fire dagar i veka, måndag, tysdag, onsdag og torsdag, møter me eit utval av dei mest interessante pasientane hans.

Serien er bygd opp rundt kontoret og timane til pasientane i form av episodar på 25–30 minuttar, med ein og annan avstikkar etter kvart. Styrken til kvar og ein serie er i lengda karakterdjupn. In Treatment må ha gode karakterar for å fungere, det har han også, så det fungerer, enkelt og greit. Det fungerer faktisk veldig greit, eg elska serien allereie etter å ha møtt pasientane berre ein gong kvar.

Trass i at dette har gått føre seg kvar dag i mange veker, akkurat slik såpeseriar gjer, er ikkje In Treatment akkurat såpe. Det er ein prime time-serie med gode kvalitetar i form av svært intense og emosjonelle utleveringar. In Treatment gjorde meg nok mykje hekta på grunn av konseptet som byr på store mengder med episodar i løpet av kort tid. Eg elskar å stadig ha tilgang på noko eg likar. At det likevel har blitt avgrensa til ein episode om dagen har gjort meg lengtande etter meir heile vegen.

Tidsrommet til serien går føre seg i ein periode der Paul sjølv er i ein spesiell livssituasjon, så vit at det her er fylt på med nok av dramatikk. Eg spurte meg sjølv undervegs kor realistisk serien kan vere samanlikna med livet til ein psykolog og forholdet hans til pasientane sine. Men eg gjorde aldri tankerekka så dryg at det fekk meg til å stille spørsmål rundt i kva grad eg kan ha glede av å følge serien. Heller ikkje det at møte mellom psykolog og pasient er svært intimt fekk meg til å løfte augnebryna særleg. Eg sluker opp ting som skjer med andre like mykje som andre. Menneske lev jo gjerne på å sette sitt liv opp mot andre sitt.

Eg har stort sett skrive om første sesong her. Dei to neste sesongane følger oppskrifta, men med færre episodar kvar. Og med ein snev meir innhald om privatlivet til Paul Weston. Karakterane der er stort sett like interessante som før, sjølv om effekten ikkje blir like stor med færre episodar. Uansett er det ein god serie som eg vil anbefale.

In Treatment 2008-2011 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skaparar

Rodrigo García, Hagai Levi, Nir Bergman

Skodespelarar

Gabriel Byrne, Dianne Wiest, Michelle Forbes, Blair Underwood, Mia Wasikowska, Josh Charles, Embeth Davidtz, Amy Ryan, Melissa George, John Mahoney (I)

Sjanger

Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om In Treatment

Forfattar