Inception

Film · 2010 · · 29. september 2010
4/5

Inception er ein akkurat passe lur film til å sette i gang dei små grå, og samtidig halde seg godt innanfor det som kan bli sett på som lettare underhalding.

I sentrum av handlinga til filmen er ein teknologi som gjer det mogleg å hente ut tankar frå hjernen til ein sovande person. Så snur handlinga seg dit at vår protagonist, spelt av Leonardo DiCaprio, skal plante ein idé i staden for å hente ut.

På finurleg vis navigerer og fortel filmen historie som går føre seg i fleire lag av sinnet til menneske, som blir visualisert som fleire nivå. Her gjeld det å holde tunga rett i munnen, og ikkje miste konsentrasjonen. Samtidig er det ein del action, så dette er ikkje ei fullstendig intellektuell øving.

Inception 2010 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Leonardo DiCaprioJoseph Gordon-LevittElliot PageVis alle