Incredibles 2

Film · 2018 · · 24. januar 2021
4/5

The Incredibles kom i 2004. Oppfølgjaren Incredibles 2, er altså 14 år seinare ute. Dette er lang tid, og det er omtrent så lang tid sidan eg såg den første filmen. Kva som har skjedd før var derimot ikkje noko viktig for å få glede av Incredibles 2, som er ein godt laga Pixar-film som står stødig på eigne bein. Det kunne nesten ikkje bli på noko anna vis, viss filmen skulle fungere for eit nytt publikum.

Denne filmen handlar om ein familie der alle har superkrefter. Han handlar og om ei verd der mange andre har superkrefter. Men det å bruke superkreftene sine til å gjere heltehandlingar er ikkje lov. Det heng forsåvidt på greip med tanke på at politiet er dei som skal ta skrukar. Soleis er superheltar ein form for borgarvern. Men dette går ikkje filmen så nøye ut på.

I stundene då det ser som mørkast ut for framtida til familien vår, vil ein rik forrentningsmann setje i gong ein kampanje for å legalisere superheltar igjen. Og dette vil han ha familien med på. Med dette gir eg meg på handlingsreferatet, for resten handlar om det som skjer etter dette valet. Og det blir ikkje plankekøyring.

Incredibles 2 blandar topp animasjon med retroinspirasjon og noko eg beste kan kalle agentfilmpreg. Musikken er viktig for sistnemnte. Det er mykje fart og fantasi, og komedie har sin sentrale plass i dette. Samtidig er det Pixar me snakkar om her, og då stikk gjerne handlinga litt djupare. Så her er det litt drama også, utan at dette blir filmen der seriøs tematikk er mest utprega.

Det er ikkje så mykje meir å sei enn at filmen føyer seg inn i den lange rekka av gode Pixar-filmar. Ikkje den beste, men langt frå den dårlegste heller.

Les ei anna melding på www.notonlyhollywood.com.
Incredibles 2 2018 plakat - Filmdagbok