Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull

Iron Man opna sommarsesongen på kinoen, men det ser ut til at Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull er den første det er interesse for på skrytenivå. For det første er det ein oppfølgjar, for det andre er det Indiana Jones, for det tredje er det ein film folk aldri trudde ville komme før George Lucas og Steven Spielberg overraska folk med planane sine. Dette igjen gjer det til ein film som på mange måtar må sjåast, tenker eg.

Den fjerde Indiana Jones-filmen har sete handlinga til 1957, i ein periode for atomprøvesprening i Nevadaørken, utfrysing av påståtte kommunistar i det amerikanske samfunnet og trusselen russarane sjølv var i den kalde krigen. Vår venn Indiana Jone er blitt gammal gubbe, like gammal som Harrison Ford omtrent, og George Lucas og Steven Spielberg har sett sitt å hente inn yngre blod i form av Shia LaBeouf som blir hjelparen til Harrison Ford utover.

Etter ein noko sløv start, lang også, der filmen brukar evigheiter på å introdusere oss til svært lite og der både humor og spenning blir lite moro og lite spennande, tek Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull seg etter kvart opp. Halvveges ut i filmen byrjar eg å merke at dette faktisk er gøy. Dette er så langt ut i filmen at den eviglange introduksjonen er ferdig og det er duka for fart og fullt køyr i resten av filmen. Mykje av dette er langt over toppen av kva som eigentleg er nødvendig. Eg siktar da spesielt til det siste partiet i filmen, men eg kosar meg stort og tar inn alt som skjer som den påkosta underhaldninga det er meint å vere.

Dette sagt, første del av filmen har noko for seg, blant anna nokon fine referansar til ungdomsfilmen anno ungdomstida til Marlon Brando, og det heile ser ganske lekkert ut. Greia er at ingenting grip meg umiddelbart i opninga som eg hadde ønska. Det mangla rett og slett magi. Men så kjem den fantastisk artige spenningsdelen etter kvart og skyv alle desse tankane lengre bak. Eg sat igjen med ei fin kjensle etter at filmen var ferdig.

Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull 2008 plakat - Filmdagbok

Dato

23. mai 2008

Forfattar


Skodespel

Harrison Ford (I)Cate BlanchettKaren Allen (I)Vis alle

Merkelapp

Sjangrar

Land