Indiana Jones and the Last Crusade

Film · 1989 · · 22. oktober 2007
4/5

Indiana Jones-filmane har vore eit lite mareritt for meg i nokon år, ettersom eg ikkje har klart å skilje frå kva film som hadde kva tittel. Ein periode trudde eg at alle var sett, men det viste seg etter kvart å vere feil. Med Indiana Jones and the Last Crusade har eg først og fremst få sett endå ein god film, og i andre rekke fullført ein trilogi.

Doktoren (Harrison Ford) slår seg saman med faren sin (Sean Connery) i jakta på den heilage gralen. Han som drikk av gralen skal visstnok få evig liv.

Sean Connery tar på seg rolla som hjelpar og leverer den eine sikre vitsen etter den andre. Minuset er at det fort blir føreseieleg, uansett alvor vil han levere. Sjølv om historia med faren går godt i gjennom heile filmen, og vanskeleg kunne ha blitt fjernet, er ho litt unødvendig. I verste fall tykkjer eg ho går utover spenningen og eventyrkjensla filmen har. No har eg ikkje akkurat sett av stort rom i minnet til dei førre filmane, men dette er iallfall ikkje den beste filmen.

God underhaldning er det likevel, trass i dei skarpe orda mine om Sean Connery er filmen til tider veldig morosam. Han manglar berre litt ekstra driv i eventyret.

Indiana Jones and the Last Crusade 1989 plakat - Filmdagbok