Indiana Jones and the Temple of Doom

Indiana Jones (Harrison Ford) flyttar seg frå Kina i ein dramatisk opningssekvens i til nord i India og mystikk for resten av handlinga i Indiana Jones and the Temple of Doom.

Deretter går det eit i eit med vidare eventyr og forflytting frå den eine halsbrekkande scena til den neste giftige. Her tar det både av, med nesten litt for vanvittig action. Men alltid innanfor.

Ein av tinga eg set mest pris på er mytologien rundt filmen. Korleis Indiana Jones har eit rykte på seg, og korleis det blir tatt for gitt at mange av dei han møter skal vere personar me kjenner i frå før. Mens sanninga er at det blir så kjapt og godt forklart kva som har skjedd og kven dei er, at eg trur på det. Denne måten å bygge opp verda rundt Indiana Jones på, gjer at den halsbrekkande handlinga som han i stor grad oppsøker sjølv, er lett å svelje som truverdig. Innanfor filmen sine realistiske rammer så klart.

Spenning manglar det heller ikkje på. Sjølv om det vil gå bra til slutt, oppnår scene etter scene med nær døden-action å skape spenning.

Utover dette er det også kranglinga mellom Indiana Jones og Willie (Kate Capshaw), som gir ein komisk og delvis emosjonell dimensjon til filmen. Eit viktig punkt for å underbygge spenningen.

Indiana Jones and the Temple of Doom 1984 plakat - Filmdagbok

Dato

19. mai 2014

Forfattar


Skodespel

Harrison Ford (I)Kate CapshawJonathan Ke QuanVis alle

Merkelapp

Sjangrar

Land