Inferno

Film · 1980 · · 2. juni 2014
4/5

Eg har sett filmar frå Dario Argento før, og alltid likt det eg har sett. Likevel var eg ikkje førebudd på at Inferno skulle vere så god. Frå første minutt gjekk det eit gufs gjennom kroppen.

Rose, ei ung kvinne i New York, kjøper ei bok frå nærast nabo og antikvariat. Boka er ei dagbok i latin av arkitekten E. Varelli, og handlar om The Three Mothers. Rose byrjar å tru at leilegheitskomplekset ho bur i er ein av tre bustader som det står om i boka. Ho skriv eit brev til Mark, broren hennar som studerer musikk i Roma, og ber han om å komme. Mystiske og skumle ting har byrja å skje etter at ho fekk boka.

Sara, ei venninne av Mark, les ved ein slump brevet som Rose har sendt til Mark. Etter dette etterforskar ho litt på eiga hand, og oppdagar at ein av dei tre mødrene driv skulen dei studerer ved.

Filmen osar av mystikk, og er ikkje så klar på alt som skjer. Men kombinert med eit fantastisk lys- og bildearbeid, og passande filmmusikk for å bygge opp under den nifse stemninga, så blir resultatet eit godt ubehag og ei sitrande spenning som varer lenge.

Inferno er ein type film der det ikkje betyr noko at karakterane på dumt vis går døden i møte, rett og slett fordi uroa hengt tungt over alt som er, og døden såleis verkar uunngåeleg.

Gleda ved å sjå dette er i den totale opplevinga det er: Skummelt, vakkert og med mystikk som krev grubling.

Det er sjeldan eg ser så nifse filmar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Inferno 1980 plakat - Filmdagbok