Inland Empire (2006)

Film / 29. januar 2008
5/5

Å finne rom for en tretimers lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte Inland Empire.

Enkelt fortalt handlar det om en kvinnelege skodespelar (Laura Dern) som får tilbode rolla i ein film som tidlegare har vore prøvd spilt inn utan hell. Etter kvar blander det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege hendingar, tidskrøll og et psykisk samanbrot som gjer at et handlingsreferat er unyttig.

No skraper eg rett nok berre i overflata, kanskje det betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, enda meir enn før.

Eg lét meg søkke inn og påskjøninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg er det nok, men bitane passar saman, lydbildet er eksellent utført og gjekk saman med et litt grumsete fotoarbeid inn for å forsterke den mørke stemninga eg blei hekta på undervegs.

Inland Empire 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

David Lynch (I)

Manus

David Lynch (I)

Skodespelarar

Laura Dern, Jeremy Irons, Justin Theroux, Karolina Gruszka, Jan Hencz, Krzysztof Majchrzak, Grace Zabriskie, Ian Abercrombie, Karen Baird, Bellina Logan

Sjangrar

Drama, Fantasi, Mysterium, Thriller

Land

Frankrike, Polen, USA

IMDb

IMDb-side om Inland Empire

Forfattar