Inside I'm Dancing

Film · 2004 · · 18. juli 2015
3/5

Michael (Steven Robertson) har cerebral parese og har budd heile livet på ein pleieheim. Ingen skjønnar kva han seier, så han er tvinga til å kommunisere på tungvinte måtar som bokstavkart, men han kan delvis røre kroppen frå rullestolen han sit i.

Så flyttar Rory (James McAvoy) inn, ein fargerik karakter som verkeleg kan snakke for seg, men som berre kan røre eit par fingrar. Han forstår kva Michael seier, og dei formar eit vennskap.

Inside I'm Dancing handlar om å overkomme hinder og få nye vennskap. Det er ei delvis rørande historie med ein humoristisk vri. Me blir vitne til vanskane Michael og Rory har med å sine funksjonshemmingar, og korleis dette også smittar over på psyken.

Trass i alvoret er det å sjå filmen stort sett ei positiv og glad oppleving. Det triste ligg og lurer, men kjem berre til overflata få gonger. På ein måte er det bruken av humor for å takle det tunge som er blant dei tinga eg likar best.

Det som trekk litt ned for min del er i hovudsak små ting. Den meste sentrale tingen er nok at eg ikkje er interessert nok i tematikken til å bli fenga heile filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Inside I'm Dancing 2004 plakat - Filmdagbok