Instant Family

Film · 2018 · · 1. februar 2021
3/5

Mark Wahlberg og Rose Byrne spelar eit vakse par som driv med oppkjøp av hus i dårleg stand, som dei pussar opp og sel vidare. I eit familieselskap blir dei latterleggjort fordi dei ikkje har tenkt på å få barn. Og slik kjem tankane deira inn på adoposjon, og landar etter kvart på det å bli fosterforeldre. Dei går på eit kurs for å bli sertifiserte, og blir solgt på ideen.

Vegen er kort frå barnlause til å ha ein heil familie. Instant Family er ein ganske treffande tittel. Og som komedien dette er, så blir det ikkje utan vanskar. I det politiske klimaet i dag er det kanskje vanskeleg å lage ein litt mørkare komedie som både treff, men ikkje gjer nokon hårsåre tullingar sinte. Eg set difor pris på når det kjem ein komedie som både bygger på eit seriøst tema, og der ein fyr som Mark Wahlberg kan sei at det å skaffe fosterbarn vil vere som å kjøpe eit oppussingobjekt og fikse det.

Det er ikkje det at Instant Family er så altfor tøff i tonen i det store og heile. Eg vil heller sei at han siktar meir mot å more med enkle humoristiske innslag, og legge på litt kjensler for å få det til å treffe ekstra godt. Når det gjeld det å treffe med komedie, så er det ikkje alltid filmen gjer det. Når karakterane byrjar å bable i munnen på kvarandre i improvisatorisk stil, eller slenger med billege grep som at styggord skal vere morosamt, då sluttar eg å le.

Instant Family er ein god film du gjerne kan nyte i kvardagen som i helga. Han har ei fin historie bak det humoristiske, og er stort sett god på komisk timing, men blir aldri noko meir enn ein greit god film.

Les også meldingar på www.barnevakten.no (norsk) og www.kristinaandersen.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Instant Family 2018 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Mark Wahlberg (I)Rose ByrneIsabela MercedVis alle

Sjangrar

Land