Interiors

Den mest seriøse filmen til Woody Allen viser at mannen er flink til meir enn å more folk. Dette veit dei som har sett litt i frå ulike deler av filmografien hans.

Interiors er datert seint 1970-tal med sterke rolletolkingar av Diane Keaton og Mary Beth Hurt. Woody Allen forblir bak kamera.

Interiors omhandlar ein familie der mor er psykisk ustabil og døtrene lever i frykt for å arve sinnslidingane hennar. Tung stemning pregar filmen som har sterkt manus med mykje fin dialog og er solid regissert. Forventar du ei handling med tempo og action er dette derimot feil val.

Interiors 1978 plakat - Filmdagbok