Intouchables

Film · 2011 · · 6. januar 2014
4/5

Den franske filmen Intouchables tok meg litt på senga. Eg hadde rett og slett ikkje forventa meg ein så fantastisk fin og morosam film.

No skal det seiast at eg i utgangspunktet likar franske komediar, men denne er i øvre klasse uavhengig av land.

Det handlar om ein invalid rik mann, og ein hjelpepleier med kriminell bakgrunn. To strake motsetningar, som gjennom mange hendingar og utfordringar blir venner og utvidar horisontane sine.

Styrken til Intouchables ligg i karakterane. Omar Sy spelar ein halvveges pøbel som i utgangspunktet ikkje ønsket pleiejobben, men blir utfordra av rik mann som kjeder seg noko. Den rike mannen blir spelt av François Cluzet som alltid har eit glimt i augo gjennom filmen.

I nesten to timar varer filmen, men han går unna på eit blunk. Det blir veksla mellom alvor og komedie, to grep som kan gjere underverk om det er gjort rett, nokon det er her.

Det er vanskeleg å forklare noko meir enn at dette er bra, og karakteren er gode. Så eg avsluttar enkelt og greit med ei sterk anbefaling. Sjå denne sjølv, det skal ein del til for ikkje å like dette.

IMDb-logo
Intouchables 2011 plakat - Filmdagbok