Intramural

Intralmural er ein useriøs sportskomedie som siktar høgt, og fell pladask. Miljøet for handlinga er college og ein internliga for amerikansk fotball. Det som blir prøvd her er å skape ein underdog-film med sjølvinnsikt.

Eg har sett nok av collegekomediar til å forvente lite. Intramural er eit vonbrot likevel. Det er mangelen på humor til å le av som er utslagsgivande. Eg kanskje ikkje komme på ei scene eg lo av. Oppbygginga, dei tekniske kvalitetane og andre forventa ingrediensar er strengt tatt på plass. Men det gjer kanskje det svake manuset endå tydelegare, og gjer at filmen heller ikkje er underhaldande dårleg.

Sjølv om forventningane var låge trudde eg at dette skulle bli ein heilt annan type film. Ein film som handla meir om rare folk og utanforståande enn ein straumlinjeforma collegesportskomedie.

Intramural 2014 plakat - Filmdagbok