Invasion

Serie
2005–2006
3/5

Kvart år er det nokon nykommarar som ikkje er gode nok til å fortena ein ny sesong, Invasion er ein av dei. Betyr dette at Invasion er ein dårleg serie? Eller er Invasion det nye Firefly? Nei, er svaret på begge. Det er ikkje ein dårleg serie, men heller ingen ny Firefly. Det er ein serie som ikkje tilbyr spenning av den typen som folk ønsker seg. Eg ser problemet, likevel om eg tykte Invasion var ein fin serie å følge med på, har eg full forståing for at han ikkje blir fornya.

Det er ikkje så utruleg spennande og gripande men ligg på eit par hakk under jamnt gjennom heile sesongen. Også handlar dette om romvesen, eller hybridar for å vere presis. Vesen som ser ut som menneske, men som er betre på fleire område som å kunne halde pusten nesten evig.

Første sesong handlar om korleis desse vesena kjem til jorda, og førebur å ta over. No har eg kanskje røpa litt for mykje, for serien utviklar seg så seint at det tar ei stund før du får vite alt dette. Noko som er eit av dei andre problema til serien, sein utvikling.

Eit pluss derimot er eit par av skodespelarane, William Fichtner gjer ei flott tolking av Sheriff Tom Underlay. Eddie Cibrian passar godt i rolla som Russell Varon. Resten av gjengen er ikkje noko å danse for, men er heldigvis ikkje irriterande dårlege.

Ulempa med å ha blitt avlyst som denne serien har blitt, er gjerne ei svak avslutting. Denne her avsluttar rimeleg bra, men har typisk nok enkelte dører opne. Så om eg skal sjå tilbake på heile sesongen med slutten og gi tommel opp eller tommel ned, så blir det tommel midt i mellom. Det finst betre seriar å sjå, Taken er ein av dei beste i science fiction-sjangeren, men Invasion er ikkje totalt bortkasta tid heller.

Invasion 2005-2006 plakat - Filmdagbok

Publisert

23. mai 2006 av

Skapar

Shaun Cassidy

Skodespelarar

William Fichtner, Eddie Cibrian, Kari Matchett, Lisa Sheridan, Tyler Labine, Alexis Dziena, Evan Peters, Ariel Gade, Aisha Hinds, Nathan BaeselVis alle 191 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Grøssar, Mysterium, Romantikk, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Invasion

TV Time

TV Time-side om Invasion