Ira Finkelstein's Christmas

Film · 2012 · · 18. desember 2015
2/5

I Ira Finkelstein's Christmas møter me ein ung jødisk gut busett i varme California. Han drøymer om jula, men familien feirar ikkje jul. Når foreldra må sende han til besteforeldra i Florida over juleferien, møter han ein gut under transit på flyplassen i Chicago, og dei byter plass.

Sånn hamnar Ira i Christmastown hjå ein familie som trur han er ein slektning av dei. Og Ira får oppleve si første jul og sitt første møte med snø.

Det går som det vil gå i ein film der ungane lurer dei vaksne. Men så er dette ein barnefilm og ein julefilm, så ingenting er spesielt skummelt eller risikabelt. Filmen kan seiast å ha eit hjarte, og dei rette ingrediensane til å gjere det til ein julefilm med tanke på nok snø og pynt.

Blant skodespelarane til filmen er Elliott Gould den største stjerna i si vesle og flaue bestefarsrolle. Eg kondolerer med valet. Lyspunktet i ei elles smått kjedeleg handling er mitt møte på nytt med Cynthia Geary, tidlegare stjerne i min favoritt Northern Exposure. Ira Finkelstein's Christmas er nok eit eksempel på at det er mangt skodespelarar kan finne på etter å ha vore med i kjente filmar og seriar.

Og når det framstår som det mest interessante å nemna med filmen, så er det på sin plass å runde av med å sei at dette ikkje var det heilt store. Men heller ikkje det verste av det verste. Snøen ser iallfall ekte ut.

Ira Finkelstein's Christmas 2012 plakat - Filmdagbok