Iron Man Three

Film · 2013 · · 4. mai 2013
2/5

Då eg nyleg såg Iron Man Three blei eg raskare ferdig med filmen enn det lengda på filmen var.

Iron Man Three har ei kurant oppbygging og ei akseptabel historie. Ein solid dose humor og mykje fart og spenning.

På ei anna side gir filmen inntrykk av å vere ei obligatorisk oppfølging og er ein lang affære. Det er ikkje det at ting ikkje er på plass heller, for filmen har nok av historietrådar.

Mitt noko negative syn har sitt opphav i eit par val filmen gjorde. Det var bagatellar og utenkeleg idioti som utløyste dei mest dramatiske sekvensane. Til og med i universet til Marvel var desse vanskeleg å svelge. Og dramatikken var sjeldan svært dramatisk, men meir eit forsøk på å imponere med halsbrekkande spenning. Med unntak av ein frittfallande sekvens imponerte få av desse.

Om det verkar som eg ikkje likte filmen så er det i og for seg rett. Det var litt å le av og eit par andre flotte ting, men det hang ikkje godt noko i lag til å bli ei fullverdig god filmoppleving. Lenge før slutten merka eg trongen til å gå, men beit tennene saman og fullførte løpet.

Eit vonbrot, rett og slett.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Iron Man Three 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Robert Downey Jr.Gwyneth PaltrowDon CheadleVis alle

Land