Irrational Man

Film · 2015 · · 18. januar 2016
3/5

I Irrational Man møter me ein filosofiprofessor og ei studentinne. Han er intelligent, men lar seg ikkje glede av noko. Ho er oppslukt av hans erfaring og innsikt.

I det som er film nummer eit eller anna over førti av Woody Allen, sentrerer han handlinga rundt kjente Woody Allen-tema som filosofi og eksistens. Joaquin Phoenix er den irrasjonelle mannen som har mista all lyst. Ikkje rart når han har brukt livet på å ofre seg for andre, inkludert å vie seg til filosofiar av håplause filosofar.

Emma Stone er studentinna som burde ta eit oppgjer med seg sjølv, då ho let seg imponere av dei destruktive sidene ved personlegdomen til professoren.

I lag er dei eigentleg eit fælt par å skode. Men så er dette også ein av komediane til Woody Allen, og den lystige presentasjonen gjer det lettare å ta til seg materiale. Samtidig som Woody Allen sjeldan preikar, men leverer og overlet resten til sjåaren.

Irrational Man er ein kurant film. Det er ikkje blant dei beste til Woody Allen, men heller ikkje blant dei verste. Det som manglar er noko meir enn den enkle historia. Mykje av det andre ser ut til å vere på plass. Godt skodespel, god musikk, fin flyt og andre greier eg forventar av ein normalt god film.

Irrational Man 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Joaquin PhoenixEmma Stone (III)Joe Stapleton (II)Vis alle

Sjangrar

Land