iSteve

Film · 2013 · · 17. april 2013
2/5

iSteve er den første filmen om Steve Jobs. Han påstår verken å vere best, dyrast eller mest kjent.

Det er Funny or Die som har gitt ut filmen. Han ligg gratis på nettsidene deira. Det var grunnen til at eg så han.

Trekkplasteret er Justin Long. Kjent skodespelar og tidlegare frontfigur i Mac vs. PC-reklamane til Apple.

Filmen er ikkje morosam til å le høgt av. Han er stort sett heilt grei, og litt morosamt dårleg. Det beste med filmen er at han berre baserer seg på livet til Steve Jobs, men blander alt til å bli fullstendig feil, kronologisk sett og på andre måtar.

IMDb-logo
iSteve 2013 plakat - Filmdagbok