It Happened at the World's Fair

Film · 1963 · · 24. mars 2014
3/5

It Happened at the World's Fair er den fjerde filmen til Elvis Presley og regissør Norman Taurog i lag. Handlinga er lagt til Seattle og område der verdsutstillinga i 1962 var. Dette blei visst foreslått av guvernøren i Washtington til MGM Studios, og filmen gir også inntrykk av å vere ein promoteringsfilm for Seattle.

Mike (Elvis Presley) og Danny (Gary Lockwood) er to pilotar med sitt eige vesle fly, som tar oppdrag rundt omkring på vestkysten. Danny har ein tendens til å spele vekk pengane sine, og etter at siste lønning forsvinn på denne måten mistar dei flyet som pant. Dei reiser til Seattle i håp om å finn ein kjent av Danny som kan gi dei jobben dei treng for å kunne kjøpe attende flyet.

Handlinga som utfoldar seg i Seattle handlar derimot meir om forelskinga til Mike i sjukepleiaren Diane (Joan O'Brien) som han møter. Og om unge Sue-Lin (Vicky Tiu) som han forsyt då onkelen hennar blir borte.

Dette er i og for seg grei bruk av tida i filmen. At det utfoldar seg som ein romantisk og musikalsk komedie, og lar pengeproblemet fungere som eit bakteppe og problem som berre i blant dukkar opp, passar filmen godt. Det er mykje på grunn av at filmen treff godt med humoren at dette lykkast. Spelet mellom Elvis Presley og Joan O'Brien er ein viktig del av filmen.

Seattle og spesielt område for verdsutstillinga fungerer godt som miljøet til filmen. På denne tida var både Seattle Center Monorail og Space Needle ny, og ser dermed ut som eit nylaga og futuristisk filmsett i god 1960-talsstil. Men at det er ekte gir ein ekstra dimensjon. Så trass i at plasseringa av filmen framstår som reklamen for ein moderne amerikansk by, så er det sopass mykje spennande som skjer også rundt karakterane til filmen at det trekk totalinntrykket opp.

It Happened at the World's Fair er ein god film, og har sine grunnar til å bli sett, men er likevel ikkje ei prioritert anbefaling. Med denne filmen har eg komme så langt i filmografien til Elvis Presley at eg aner eit mønster i at dei mest originale og kanskje beste filmane var dei første. It Happened at the World's Fair viser likevel at små perler kan dukke opp seinare også.

It Happened at the World's Fair 1963 plakat - Filmdagbok