It Happened One Night

Kvinne rømmer frå far, mann møter kvinne, kvinne mislikar mann, mann og kvinne slår følge frå Miami til New York. Clark Gable er journalisten og Claudette Colbert er nyheitsverdien. Dei møtes tilfeldig på ein buss, den eine på veg heim til ein jobb som ikkje lenger er hans, den andre på flukt frå ein overbeskyttande far. Historia er klassisk, to rake motsetningar er bestemt til å hamna i kvarandre sitt selskap, uansett kor mykje dei på ulike tidspunkt har noko i mot kvarandre.

Handlingsforløpet byr ikkje på nokon overraskingar så det var sagt, nok ein gong handlar det om utføringa. Ho er det Frank Capra som står bak. Er du førebudd på klassisk romantisk komedie så ligg du godt an. It Happened One Night går gradvis innpå deg som god romantikk på film skal.

Verken Clark Gable med sin tynne bart eller Claudette Colbert leverer roller eg ville skrive heim til mor om, men det er kanskje ikkje meininga at dei skal utmerke seg som spesielle karakterar på same måte som James Stewart gjer i Mr. Smith Goes To Washington?

Claudette Colbert går ganske greit frå å vere rikmannsdotter til å bli meir overkommeleg selskap, problemet eg hadde var at ho mangla det vesle ekstra i utrykket. Søtleiken er det ingenting å utsette på. Dette til side, filmen hausta Oscar til både Clark Gable, Claudette Colbert og Frank Capra, beste film og beste manus og adapsjon kom i tillegg.

Småtinga eg pirka på var dei som kunne ha flytta filmen opp til 5/5, for dette gir både ei god kjensle og giv gjennom 105 minuttar. Eg kan be om lite meir.

It Happened One Night 1934 plakat - Filmdagbok

Dato

22. desember 2007

Forfattar



Sjangrar

Land