It's a Boy Girl Thing

Film · 2006 · · 14. mars 2016
3/5

It's a Boy Girl Thing er ein high school-komedie i kroppsbytesjangeren frå 2006. For meg etter dette framleis innanfor perioden der eg gjorde meg kjent med amerikansk ungdomskomedie.

På grunn av mangel på originalitet, som ikkje er eit minus, men eit kjenneteikn, sit eg med inntrykk av at dette er ein film frå 1990-talet. Det er mange små ting som fører til eit moderne skilje i ungdomssjangeren. Eit av dei større er inntoget av smartmobilen. 2006 var framleis før iPhone. At ikkje ungdommane går rundt med trynet i ein skjerm, men er oppmerksame på det som fysisk skjer rundt dei, er med på å plassere filmen i ein tidlegare periode.

Samaire Armstrong er jente, og Kevin Zegers er gut. Dei er naboar, og dei blir offer for museumsmagi som plasserer dei i kroppen til kvarandre. Dei har ikkje sansen for kvarandre, og skapar ein del trøbbel først, men må etter kvart spele på lag for å overkomme utfordringane som møter dei kvardagen. Utfordringar som ikkje kan la vente på seg fordi dei har bytt kropp.

Det er ikkje så mykje nytt her som sagt. Og heller ikkje så mykje spennande. Og til slutt heller ikkje så mykje morosamt. Litt glimt i auge er det. Akkurat passe til at filmen glir gjennom med ei og anna fornøyeleg scene. Men ikkje nok til at eg held interessa oppe til slutten.

It's a Boy Girl Thing 2006 plakat - Filmdagbok