It's a Disaster

Film · 2012 · · 27. september 2013
3/5

Eit angrep av ukjent art og ukjent opphav tvingar åtte vaksne venner som et brunsj i lag til å halde seg innandørs.

I den stressa situasjonen som utfalde seg kjem hemmelegheiter fram, og ulike reaksjonar på eit eventuelt angrep dei veit lite eller ingenting om får fram gale sider hjå personane.

It's a Disaster er ein film midt på treet. Han er ofte absurd, og glimtar gjerne til med både brutalt ærlege eller sterkt humoristiske scener. Men det skjer for lite totalt sett. Verken samtalar eller forhold utviklar seg nok frå start til slutt til at det veg opp for 90 minuttar med film.

IMDb-logo
It's a Disaster 2012 plakat - Filmdagbok