It's a Very Merry Muppet Christmas Movie

Film · 2002 · · 19. desember 2011
3/5

It's a Very Merry Muppet Christmas Movie har heile kjerna av den skikkelege The Muppets-gjengen, eit par gjesteskodespelarar og ei grei historie med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt

The Muppets-gjengen driv eit teater der Kermit er sjefen. Økonomien er så vidt og går rundt med lån, men når nye krefter tar over i banken truar dei med å stenge teateret. Kermit møter utfordringa i livet sitt, og eit enkelt oppsett av eit nytt stykke ser ikkje ut til å vere nok.

I lag med tøydokkene har Joan Cusack, David Arquette og Whoopi Goldberg roller i filmen. Scrubs-gjengen og Bill Lawrence stiller òg opp i eit innslag. Ingen av dei nemnde har fått skrive spesielt gode eller smarte roller til seg, men resten av filmen er ikkje verst. Han er enkel, men god på det ein The Muppets-film skal vere, morosam på bakgrunn av dei fargerike tøydokkene. Når humoren er på plass og handlinga har fått litt av Scrooge i seg så er det nok til å bli ein underhaldande julefilm.

IMDb-logo
Filmfront-logo
It's a Very Merry Muppet Christmas Movie 2002 plakat - Filmdagbok