It's a Wonderful Life

Film · 1946 · · 11. mai 2007
3/5

James Stewart er ein av dei skodespelarane som har ein tendens til å dukke opp i klassikarane eg ser. Ingenting mystisk ved dette, ettersom han var ein stor skodespelar ein gong i tida, og framleis er på mange måtar. Og at eg gjerne satsar på filmar som blir sett på som gode i andre miljø.

Hittil har ingen av filmane hans skuffa meg, men ein gong måtte bli den første. It's a Wonderful Life vart på mange måtar rein plankekøyring. Det meste er på plass, men likevel er filmen kjedeleg.

Kvifor kjedeleg? Jo, veldig lite skjer før filmen når biten nemnt opningsvis, det er derifrå han er interessant. Klart at filmen treng tid på å etablere situasjonen til George Bailey (James Stewart) som eit rikt, men økonomisk underlegent menneske for å gi den rette verknaden.

Eg har heller ingenting i mot ein film som tar for livet til ein person som det er. Men It's a Wonderful Life prøver på meir i tillegg, og det lykkast han ikkje helt på. Frustrasjonen til George ligg der under overflata, men kjem for lite fram. Når me når vendepunktet verka det litt som ei kanin dratt opp av hatten.

Det skal ikkje meir til enn dette for å gjere filmen tam, og middels, iallfall ikkje for meg. I ein klassikarstatus ligg gjerne andre føresetnader til grunne, og for alt eg veit kan slikt vere med å definere denne filmen. Uansett, for meg er dette ein vanleg film, uavhengig av tidsepoke, og ut i frå det skuffar han.

It's a Wonderful Life 1946 plakat - Filmdagbok

Skodespel

James Stewart (I)Donna Reed (I)Lionel BarrymoreVis alle

Sjangrar

Land