It's Always Sunny in Philadelphia

Serie · 2005–2019 · · 11. mai 2021
3/5

It's Always Sunny in Philadelphia er ein sprø og fornøyeleg FX-komedie om ein udugeleg gjeng som driv ein bar i Philadelphia.

Desse usmakelege og arrogante typane hamnar i ein haug med rare, ekle og absurde situasjonar i løpet av episodane som har rulla og gått siden 2005.

Ei god stund tykte eg dette var ganske gøy, men eg merka at etter nokon år går det meir på autopilot for meg med It's Always Sunny in Philadelphia. Likevel er det framleis artig nok til at eg ikkje vil gi slepp på serien.

For å sei det på ein positiv måte så hadde eg, med det eg visste i dag, framleis utan tvil gått i gang med serien og gitt han ein sjanse. Sånn sett er det enkel gøy, passe uføreseieleg, sjølv om denne tanken har blitt føreseieleg i seg sjølv.

  • It's Always Sunny in Philadelphia 2005-2019 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Charlie Day (II)Glenn HowertonRob McElhenneyVis alle

    Sjanger

    Land