Jack & Diane

Film · 2012 · · 28. januar 2013
2/5

Blant personar eg er svak for i Hollywood og omland er Juno Temple eit namn på lista. Hovudrolla i Dirty Girl og deltaking i smalare, amerikanske filmar som eg gjerne har sansen for har i lag med sjarmen hennar bidratt til det.

Jack & Diane var difor ein film eg brydde meg lite med å lese meg opp på før eg så han. Ein sjeldan gang fører denne måten å følge skodespelarar på meg til filmar eg aldri hadde funne elles.

Jack & Diane var ein film eg brydde meg lite om ei god stund etter eg starta å sjå han. Filmen er som karakterane han portretterer: Avslappa og uengasjerte. Innspel av overnaturlege element er subtil og vanskeleg å få grep på. I utgangspunktet er det ein god tanke å bevare mystikken, men i Jack & Diane er det så tona ned at det kjennest nærmast tilfeldig eller nedprioritert i etterarbeidet.

Det største problemet med filmen er at han drar ut og stadig blir kjedelegare. Etter ein halvtime byrjar det å tære på tolmodet, og ein time etter er det igjen var det så vidt eg fullførte filmen.

Det er ikkje det verste stykket film eg har sett. Med tanke på produksjonen har filmen kvalitetar. Det er litt romantikk og drama her og der som kunne ha blitt noko. Men det blir med tendensane.

IMDb-logo
Jack & Diane 2012 plakat - Filmdagbok