Jack Reacher

Jack Reacher er lenge ein god film, men mistar litt grepet utover.

Det er lett å plukke ut ting eg likte ved filmen. Ei biljakt der den realistiske ytinga og stabiliteten i ein ny mot ein gammal bil spelar ei stor rolle. Alle delene av filmen som inneber bruk av våpen. Jack Reacher som den ekstreme og mystiske helten, som berre høyrer filmen til, men samtidig er realistisk nok til å bli akseptert.

Det var verre å få auge på det svake med filmen, men det var der. Som når Reacher snik seg om bord på ein buss, og vel og sette seg ved vindauge vendt mot alle som ser etter han. Dumme småting som gjer at bilde av den etablerte karakteren raknar.

Det manglar også ein god flyt heile vegen. I blant stopper handlinga opp, og det skjer ingenting som ikkje alt har blitt etablert tidlegare. Det er ikkje snakk om mykje, men historia i filmen er ikkje den mest intrikate og kompliserte i utgangspunktet, og det er lite behov for å dra det ut.

Lengda er ikkje eit ankepunkt åleine. Med unntak av dei isolert sett gode delene av filmen, så er ikkje Jack Reacher ei komplett og minneverdig filmoppleving.

Jack Reacher 2012 plakat - Filmdagbok

Dato

7. mai 2013

Forfattar


Skodespel

Tom CruiseRosamund PikeRichard Jenkins (I)Vis alle

Sjangrar

Land